OM PER HALLE

Per Halle (født 6. mai 1949) er en norsk mellom- og langdistanseløpar. Han ble norsk mester på 5000 meter i 1972, og vant fire NM-sølv og NM-bronsjer på 1500 m, 5000 m og 10000 i perioden 1969-74. I 1972 ble han nummer sju på 5000 m under olympiaden i München. 

Allereie som junior nådde den lettbygde Halle noregstoppen på 5000 m. 21 år gammal sprang han for fyrste gong under 14 minuttar på distansen, tida 13.56,0 førte han opp på femteplass på noregsstatistikken på 5000 m. 

I 1971 persa han med 13.45,2, den beste tida på 5000 m av ein nordmann det året. Endå betra var han på 10 000 m, der han sette ny norsk rekord med 28.36,4, ein rekord han same sesongen mista til Arne Risa som presterte 28.24.4. Både Risa og Halle deltok på mila i Helsingfors-EM, men Halle gjorde eit svakt løp og vart nummer 29.
Halle vart norsk meister på 5000 m då han i august 1972 i Stavanger slo Knut Børø i spurten og kom i mål på tida 13.56,0. Nokre veker seinare gjorde han eit godt løp under OL i München og kvalifiserte seg til finalen på distansen. I finalen sprang Halle inn til sjuandeplass på tida 13.34,4, ny norsk rekord med tre sekundar i høve til den gamle.
I juni 1974 forbetra han den norsk milrekorden til 28.23,4 på Stockholm stadion under ein landskamp mellom Sverige, Noreg og Aust-Tyskland. Rekorden stod berre i fire veker, då Knut Børø i landskampen mot Bulgaria vann 10 000 m på 28.14,6. På 5000 m forbetra Halle den personlege rekorden til sterke 13.27,6 på Bislett stadion i slutten av juli, men var likevel berre nummer fire på distansen i Noreg gjennom 1974. Dermed fekk han berre delta på 10 000 m under EM i friidrett 1974 i Roma, der han braut løpet.
Medaljar i norske meisterskap:
• 1969: Bronsemedalje på 5000 m - 14.15,6
• 1970: Sølvmedalje på 5000 m - 14.13,6, bakom Arne Kvalheim (14.13,6)
• 1971: Sølvmedalje på 5000 m - 14.05,8, bakom Arne Kvalheim (14.05,0)
• 1972: Gullmedalje på 5000 m - 13.56,0, framom Knut Børø (13.57,8), og bronsemedalje på 1500 m - 3.46,7
• 1973: Sølvmedaljar på 5000 m og 10000 m (14.14,8 og 29.46,8), bakom Knut Børø (14.08,0 og 29.43,6)
• 1974: Bronsemedalje på 5000 m - 14.05,8